Klar for badesesongen?

Kvaliteten på badevatnet er god og målingane som blei målt 20. mai ved dei tre kommunale badeplassane; Luster (Myrane), Skjolden og Solvorn er innanfor akseptabelt område.

Dersom ei vassprøve har eit så høgt innhald av termotolerante koliforme bakteriar og/eller fekale streptokokkar at vatnet vert sett til ikkje akseptabel vasskvalitet gjennomfører Luster kommune ei vurdering, i tillegg til å ta nye, oppfølgjande prøvar.

Det er særleg målingar av tarmbakteriar (vesentleg e-coli) og intestinale enterokokkar som seier noko om badevasskvaliteten. Kontroll av badevasskvaliteten blir gjennomført av den enkelte kommune etter «Forskrift om miljørettet helsevern» (Lovdata). Prøvane er tekne etter ”Vannkvalitetsnormer for friluftsbad”.

Vurderingsgrunnlaget for vasskvaliteten ved friluftsbad er gitt i tabellen under:

Parameter badevatn
Parameter God Mindre god Ikkje akseptabel
Termotolerante koliforme bakterier/100 ml < 100 100-1000 < 1000
Intestinale enterokokkar (fekale streptokokkar) /100 ml < 100 100-1000 < 1000

 

 Følgjande resultat frå målingane 20.mai 2025:

Resultat badevatn
Dato/Stad 1) 20. mai 2) 20. mai Kvalitet ved sist måling
Skjolden <10 <10 God
Luster 10 <10 God
Solvorn <10 <10 God
  1. Termotolerante koliforme bakteriar (e-coli)
  2. Intestinale enterokokkar  (fekale streptokokkar)