KOLS kurs

Invitasjon til deg som lev med KOLS. Kursstart 06.oktober. 

Sogndal kommune arrangerer nytt KOLS-kurs, med oppstart 6. oktober. Det blir heldt på Sogndal helse og omsorgssenter (SHOS) og føregå i gruppe på opptil 10 deltakarar, men òg med individuelle samtalar og rettleiing. Ulike faggrupper som lege, fysioterapeut, sjukepleiar og ergoterapeut vil vere tilknytt programmet.

Målet med programmet
Kurset er for deg som har diagnosen KOLS, og som har lyst til å lære meir om korleis du kan leve så godt som mogleg med sjukdommen og korleis du kan førebygge forverring. Målet er at du skal få auka kunnskap og innsikt i eigen situasjon, meistre kvardagen og daglege aktivitetar betre, bli motivert til fysisk aktivitet og knytte kontakt til andre i same situasjon. 

I forkant av kurset må du bli testa av sjukepleiar og fysioterapeut. Du får meir informasjon med påmelding. Du må og ha ein legetime i forkant av kurset som du må betala sjølv.  

Du vil få læra meir om:

  • pusteteknikk
  • trening
  • korleis tilpasse behandling etter form
  • korleis meistre stress
  • gode matvanar
  • korleis gjere kvardagsaktiviteter på ein enklare og effektiv måte
  • korleis bruke energien du har på ein smart måte
  • korleis ta medisin slik at du får best effekt

 

Kor mykje tid tek det?
Programmet går over 7 veker med oppstart i oktober 2025. Ein dag i veka vil det vere undervisning, og to dagar i veka med trening. Det vil og vere høve til individuell samtale/rettleiing med sjukepleiar, ergoterapeut eller fysioterapeut gjennom programmet. Kurset er gratis

Ved evt. spørsmål og påmelding ta kontakt med Frisklivssentralen:
Marit Grønningsæter: mob. 953 03 897 - frisklivssentralen.sogn@sogndal.kommune.no