Pårørandekonferansen 2025

24. september kan du vere med den nasjonale Pårørandekonferansen. For pårørande og fagpersonane som møter deg.

HVL, Sogndal Kommune, Saman, LPP, LEVE og Demensforeningen inviterer til felles visning av Pårørendekonferansen 2025, ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal. Pårørendekonferanse i år rettar søkelyset mot korleis vi kan styrke godt samarbeid og god samhandling mellom pårørande og helse- og omsorgstenesta. Vi belyser korleis vi saman kan gjere belastninga mindre og kjenne oss mindre åleine.  

Dette er ei flott moglegheit for å få fagleg påfyll, møte andre i same situasjon og ta del i eit viktig nasjonalt arrangement – lokalt. 

Dato: 24. september 

Klokka: 08:30 - 15:00

Stad: Høgskulen på Vestlandet, Sogndal

Konferansen er gratis. 

Trykk her for meir informasjon om programmet, og for å melde deg på