Søknadsfrist for kulturskulen

Måndag 19. mai er søknadsfrist og utmeldingsfrist. Me kan tilby friplassar ved behov.

Nokre av lærarane ved Sogn kulturskule, som håper å sjå deg til hausten. Perdy Hesevoll, Luster kommune

Har du lyst til å spela eit instrument, synga i kor eller halda på med kunst? Kulturskulen har eit breitt tilbod for deg som vil driva med kultur. Hos oss møter du flinke og inspirerande lærarar og andre du kan dela interessene dine med.

Finn det som passar for deg 

På nettsida til Sogn kulturskule finn du oversikt over kva du kan søkja på. Er det eit tilbod du saknar? Tips oss gjerne på e-post roar.sandnes@sogndal.kommune.no.

Har du lyst til å få nye venner gjennom kulturskulen, kan kanskje tweens-koretbildekunst eller teater vera aktuelt for deg?

Tilbod om friplassar

Sogn kulturskule skal vera for alle, og me kan tilby gratis plass for dei som har låg inntekt. Ynskjer du å søkja om slik friplass, må du først søka, og få tildelt, plass ved kulturskulen på vanleg måte. Meir informasjon om friplassar finn du på nettsida til kulturskulen.

Søknad og utmelding

Både søknad og utmelding i kulturskulen skjer på nett.

Heilt nye føresette legg inn søknad i søknadsskjemaet på nettsida til kulturskulen

Føresette som har inne elev med plass dette semesteret, eller som har nokon på ventelista kan

  • melde ut eller inn ein elev på eitt eller fleire tilbod
  • registrere søknad for fleire i familien

Føresett loggar inn på si side hos kulturskulen via id-porten

Sjølv om søknadsfristen er 19. mai, er det mogeleg å søkja plass heile året. Men dei som søkjer innan fristen, vil bli prioritert føre dei som søkjer seinare.

Velkommen til oss i Sogn kulturskule!