Føremålet med tilskot til tiltak i Utvalde kulturlandskap er å bidra til å sikre verdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, kulturminner og kulturmiljø, for å sikre langsiktig skjøtsel og drift. Utlysinga gjeld hovudsakleg for tiltak innanfor Ormelid UKL slik det er avgrensa i Naturbase.
Luster kommune er for 2026 tildelt inntil kr 400.000 til tilskotsordninga frå Statsforvaltaren, dette utgjer den samla ramma for søknadsfristen pr. 15.04.2026.
Det kan løyvast tilskot til følgjande tiltak:
- Restaurering og skjøtsel av areal. Dette er eit prioritert tiltak for å sikre det biologiske mangfaldet, og for å ta vare på kulturlandskapet.
- Restaurering, istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av bygningar og andre kulturminne
- Planlegging av tiltak
- Tilrettelegging for ferdsel og friluftsliv
- Formidlingstiltak
- Kartlegging og dokumentasjon av landskapsverdiar
- Kartlegging og dokumentasjon av behov for skjøtsel og sikring av natur- og kulturminneverdiar
- Andre næringsretta tiltak og tiltak som fremjar føremålet med ordninga
Me minner om at UKL-område over tid må balansere dei tre deltema som ordninga omfattar: sikre naturmiljøverdiar, kulturmiljøverdiar og framleis jordbruksdrift, inkludert næringsutvikling basert på desse verdiane.
Tildeling av tilskot vert gjort i tråd med retningslinjer for tilskot til utvalt kulturlandskap (UKL)- Ormelid 2022-2025. Retningslinjene er gjort gjeldande også for 2026. Føremålet med ordninga vert lagt til grunn ved tildeling av midlane, tiltak må vere i samsvar med gjeldande planar for området.
Krav til søknad
Det skal leggjast ved:
- kart som syner kvar tiltaket skal gjennomførast
- bilete av arealet eller objektet før tiltaket vert sett i gang
- skriftleg løyve frå grunneigar og ev. rettshavar
- Søknad må ha kostnadsoverslag og finansieringsplan. Dersom det er søkt om tilskot til same tiltak tidlegare skal opplysast om i søknaden.
- Forvaltningsplan og skjøtselsplan er grunnlag for prioritering av oppgåver og finansiering av tiltak. Søknad må for kvart enkelt tiltak vise til korleis tiltaket er med på å nå målsetjingar i gjeldande planar, samt føremålet med UKL.
Søknad skal vere i tråd med «Retningslinjer for tilskot til utvalt kulturlandskap (UKL)- Ormelid 2022-2025». Mangelfulle søknader kan avvisast.
Søknadsfrist 15.04.2026, elektronisk søknad via Altinn.
Følgjande satsar skal nyttast for 2026:
Manuelt utført eige arbeid (inkl. motorsag o.l): 350 kr/time
Bruk av eigen traktor/gravemaskin: 800 kr/time
Satsar for skjøtsel, beitetilskot og liknande går fram av retningslinjene.
Evt. innhenta kostnadsoverslag frå entreprenør/fagperson
Sjå meir informasjon om ordninga på Landbruksdirektoratet.
Video med brukarrettleiing for søknad
Ormelid utvalt kulturlandskap (UKL) - Luster kommune.