Statens vegvesen startar no opp sikringsarbeid i området Røneidsberget og Marheimsgjelet.
Det vert helikoptersynfaring i Røneidsberget frå klokka 10:30 i dag, 25.06 for å sjekke stabilitet over arbeidsområdet.

Arbeidet startar med boring for montering av fanggjerder.
Vegarbeid mellom 07:00 og 19:30 mandag - torsdag fra 30.06.2025 til 10.07.2025. Trafikken vil i første omgang bli regulert med trafikklys. Kan bli ei stengt køyrebane med lysregulering.
Det blir ikkje arbeid som heftar trafikken i fellesferien (veke 29, 30 og 31).
Her ligg førebels vegmelding, og meir informasjon om eventuelle stengingar vil bli lagt ut på www.175.no
Planen er å nytte trafikklys fram til om lag månadsskiftet august–september. Etter det startar arbeid nær Røneidstunnelen, og det vil då vere behov for trafikkvakter og noko oppstilling i tunnel.