Om oss - Kontakt og opningstiderSkjolden oppvekstsenter ligg på ei høgde rett over sentrum av Skjolden med utsyn utover Lustrafjorden og kort veg til møteplassen Fjordstova med symjebasseng, gymsal og klatrevegg. Oppvekstsenteret har eit stort og flott uteområde med hinderløype, ballbinge, grusbane og tennisbane. Kontoret til rektor/styrar har kanskje den finaste utsikta på heile Vestlandet. Skulen er tredelt med aldersblanda klassar. Barnehage- og skuleåret 2023/24 er det 31 elevar på 1.-7. trinn og 24 plassar i barnehagen. Det er positiv utvikling i barnetalet i krinsen. Dette året er det 15 tilsette ved oppvekstsenteret fordelt på om lag 10 årsverk. Det er eit kompetent og fagsterkt kollegium. Både barnehagen og skulen brukar nærmiljøet mykje i opplæringa. Lokalhistorie og friluftsliv er viktig for opplæringa. Eit felles satsingsområde for heile oppvekstsenteret er psykisk helse og programmet COS med vekt på trygge barn og gode relasjonar. Visjonen for oppvekstsenteret er «Rom for alle, blikk for den enkelte».Opningstider: Opningstider Dag Barnehage Skule SFO - morgon SFO - ettermiddag Måndag 07.00-16.00 08.30 - 13.30 07.00 - 08.30 13.30 - 16.00 Tysdag 07.00-16.00 08.30 - 13.30 07.00 - 08.30 13.30 - 16.00 Onsdag 07.00-16.00 08.30 - 14.50 (1.-4. kl. 11.15) 07.00 - 08.30 11.15-16.00 Torsdag 07.00-16.00 08.30 - 13.30 07.00 - 08.30 13.30 - 16.00 Fredag 07.00-16.00 08.30 - 13.30 07.00 - 08.30 13.30 - 16.00