§ 11 Oppseiing avbarnehageplass
Oppseiing skal gjerast digitalt via heimesida til Luster kommune. Fristen for oppseiing er ein månad og gjeld frå den 1. i etterfølgjande månad.
Dersom føresette ombestemmer seg og ikkje ønskjer barnehageplass tildelt ved hovudopptaket med oppstart 15. august, må plassen seiast opp innan 1. mai. Oppseiing etter denne fristen vil verta handsama som oppseiing frå og med 1. august og vil innebera ein månad betaling. Ved særlege omstende kan rådmannen fråvika regelen om ein månad betaling.
Kommunen kan seia opp barnehageplassen ved vesentleg misleghald av avtalen.
Som vesentleg misleghald vert rekna:
a. dersom plass er tildelt på grunnlag av urette opplysingar av viktig tyding
b. manglande betaling i to månader
c. vesentleg fråvær utan at fråværet er avtala med barnehagen
d. dersom avtalt opphaldstid vert overskride mange gonger