Vedtekter for barnehagane i Luster kommune

§ 14 Ferie

Barnehagane har feriestengt i veke 29 og 30. Hafslo barnehage og Gamlestova barnehage samarbeider om ferieavvikling og eventuell samlokalisering i veke 28 og 31. 

Barnet skal ha minst fire veker ferie i kalenderåret. Tre av desse vekene skal vera samanhengande og takast i samband med dei feriestengde vekene. Dei fem planleggingsdagane kan utgjera den fjerde ferieveka for barnet. Føresette skal melda frå til barnehagen om ferie for barnet sitt / barna sine seinast 15. april.