§ 15 Betalingsreglement, oppseiing og tap av barnehageplass
Kommunestyret fastset barnehagesatsane gjeldande frå 1. januar. Barnehagesatsane i Luster er i samsvar med nasjonal forskrift om foreldrebetaling i barnehagen. Betalinga for eit barnehageår vert delt over 11 månader der 15. juli –14. august er betalingsfri månad, med andre ord betaler føresette halv månad i juli og august.
Det vert gjeve 30 % rabatt for barn nummer to. For barn nummer tre eller fleire, er det gratis barnehageplass.
Det vert gjeve redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid i tråd med nasjonale føringar for familiar med låg inntekt. Kostpengar fell ikkje inn under ordninga. Søknad om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid skal gjerast digitalt via heimesida til Luster kommune. Søknadane vert handsama av Oppvekst. Nyaste likningsattest må liggja ved søknaden.
Betaling for mat og frukt kjem i tillegg til den faste månadssatsen