§ 16 Fritak for betaling og permisjon frå barnehageplass
Barn som lir av ein alvorleg sjukdom som gjer at barnet ikkje kan nytta plassen i barnehagen, kan innvilgast fritak for betaling i den perioden barnet er borte frå barnehagen. Det må då liggja føre ein legeattest. Søknader for kortare periode enn ein månad vert ikkje handsama. Søknadar vert handsama av Oppvekst. Dersom sjukdomen gjer at barnet kan vera i barnehagen i periodar, vert det rekna ein dagspris tilsvarande 1/25 av den fastsette månadsprisen.
Det kan gjevast permisjon frå barnehageplass og mellombels fritak for betaling dersom opphaldet er over to månader og eit anna barn kan nytta seg av plassen i den tida barnet er borte. Eit slikt fritak gjeld frå første dato i etterfølgjande månad barnet vert teke ut av barnehagen. Søknad om permisjon og mellombels fritak for betaling vert handsama av Oppvekst.