Vedtekter for barnehagane i Luster kommune

§ 2 Barnet sitt beste og barn sin rett til medverknad

Kva som er best for barnet skal vera eit grunnleggande omsyn i alle handlingar og avgjersler som gjeld barn i barnehagen. Barn har rett til å uttala seg om det som vedkjem dei, og skal ha høve til å ta del i det som omfattar livet deira i barnehagen. Det skal leggjast vekt på barn sine synspunkt i samsvar med alder og modning.