Vedtekter for barnehagane i Luster kommune

§ 3 Drift og forvaltning

Luster kommune eig og har ansvar for drifta av dei barnehagane i kommunen som er omfatta av vedtektene. Kommunestyret har det overordna ansvaret for å skapa gode rammevilkår for barnehagane. 

Kommunedirektøren er det kommunale forvaltningsorganet for all barnehage- verksemd i Luster kommune. 

Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval i samsvar med lov om barnehagar § 4. Oppvekstsentera har felles samarbeidsutval og / eller foreldreråd. Kommunestyret vel ein kommunestyrerepresentant til kvart samarbeidsutval