§ 5 Opptakskrins
Opptaksområda til dei kommunale barnehagane i Luster følgjer opptaksområda til skulane. Søkjar sine ynske og behov skal tilleggjast stor vekt ved sjølve opptaket, og kommunedirektøren kan difor ved særlege omstende fråvika krinsregelen. Siste året i barnehagen skal barnet som hovudregel gå i barnehage i heimekrinsen, dvs. skulekrinsen.
Dersom barnet ikkje får barnehageplass i heimekrinsen og får tildelt plass i nabokrinsen, er barnehageplassen i nabokrinsen gjeldande for det gitte barnehageåret. Søkjarar som ikkje får innvilga barnehageplass i heimekrinsen, kan be om å stå på venteliste.
Søkjarar som ikkje får innvilga barnehageplass i heimekrinsen og som ikkje står på venteliste, må ved neste hovudopptak søkje på nytt. Dersom det då er ledig kapasitet, og det samsvarar med prioriteringsrekkefølgje i vedtektene, vil barnet få barnehageplass i heimekrinsen