Vedtekter for barnehagane i Luster kommune

§ 6 Opptakskriterium

Prioriteringsrekkefølgje ved opptak 

  1. Barn med nedsett funksjonsevne der det ligg føre sakkunnig vurdering og barn med vedtak frå barnevernet, jf. barnehagelova § 18 ogbarnevernslova § 5-1 første ledd bokstav a til d, § 3-1 og § 3-4 første ledd bokstav b 
  2.  Barn som grunna sosiale, språklege, helsemessige eller andre særskilde tilhøve treng ein barnehageplass og det ligg føre vurdering frå sakkunnig instans 
  3. Barn som skal gå siste året i barnehagen før skulestart
  4.  Barn som har trong for språkleg og kulturell integrering og der begge foreldra er minoritetsspråklege med ein annan språkbakgrunn enn norsk, samisk, svensk, dansk eller engelsk som morsmål 
  5.  Sysken med rett på barnehageplass, har førerett til plass i same barnehage 
  6.  Barn med einslege forsytarar 
  7.  Barn som har søkt utvida barnehageplass og/eller overføring til annan barnehage 
  8.  Barn av føresette med kritisk kompetanse som Luster kommunetreng. Dette vert drøfta med rådmannen i kvart enkelt tilfelle 
  9.  Eldre barn går føre yngre barn 


Barnehageopptaket på Hafslo vert samordna slik at årskulla vert balanserte i dei to barnehagane. På denne måten tek ein omsyn til det samla pedagogiske tilbodet.