§ 8 Klagerett
Søknad om barnehageplass vert omfatta av barnehageloven med forskrift om sakshandsamingsreglar ved opptak i barnehagar. Avslag ved hovudopptaket gjev dermed klagerett. Det er også klagerett om ein ikkje får plass i barnehagen på sitt første- eller andreval på søknaden. Retten til å krevja skriftleg grunngjeving og klage gjeld berre for søkjar som har søkt om barnehageplass innan søknadsfristen som kommunen har sett for hovudopptaket.
Utanom hovudopptak er det klagerett ved avslag for søkjarar med prioritet etter barnehageloven § 18.
Skriftleg klage må sendast kommunen ved Oppvekst. Klagefristen er tre veker frå når avslaget eller vedtaket vart gjort kjent for søkjar.
Dersom kommunen ikkje gjev klagaren medhald, skal kommunen senda klagen vidare til kommunen sitt klageorgan, klagenemnda.