Familiar med låg inntekt kan få redusert foreldrebetaling for SFO-plass. ingen familiar skal bruke meir enn maksimalt seks prosent av inntekta si til å betale for ein SFO-plass.
Du må søke på nytt for kvart skuleår.
Søk via føresettportalen om redusert foreldrebetaling
For søknader før 1. august gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut skuleåret. Vert det søkt etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet og ut skuleåret, jf. forskrift til opplæringslova § 1B-1.
Det er nasjonalt fastsett tre moderasjonsordningar for SFO:
- Redusert foreldrebetaling i SFO for hushald med elevar på 1.-4. trinn slik at utgifter til SFO per barn ikkje overstig 6 % av hushaldet si inntekt.
- Gratis SFO for elevar med særskilte behov 5.-7. trinn
- 12 timar gratis SFO for elevar på 1.-3. trinn
Mat kjem utanom ordningane.
Moderasjonsordningar i SFO (udir.no)