Skulereglar og demokrati

§ 1 Føremål – kvifor har me skulereglar

Forskrift om skulereglar skal bidra til at elevar i Lustraskulen har eit trygt og godt skulemiljø som fremjer trivsel, tilhøyrsle og læring. 

Skulen er elevane og dei tilsette sin arbeidsplass. Difor oppfører me oss venleg og høfleg mot kvarandre. Elevane tek medansvar for eit trygt og godt skulemiljø. Særleg tek eldre elevar omsyn til dei som er yngre.