Skulereglar og demokrati

§ 11 Reaksjonar ved brot på skulereglar

Ved vurdering av reaksjonar mot eleven skal det takast utgangspunkt i barnets beste.  Alle reaksjonar skal vera tilpassa alvoret i saka, alderen, føresetnader, utvikling og modenheita  til eleven. Det skal leggjast vekt på eleven si vilje til å retta opp følgjene av regelbrotet,  og det skal vera eit forholdsmessig samsvar mellom regelbrotet og reaksjonen. 

Følgjande reaksjonar kan nyttast ved brot på skulereglane:

  • rettleiing av eleven, med vekt på positiv, ønska åtferd 
  • tilsnakk eller irettesetting frå lærar eller ein annan vaksenperson 
  • munnleg eller skriftleg åtvaring 
  • merknad 
  • munnleg eller skriftleg kontakt med heimen og involvering av føresett 
  • pålegg om oppgåver for å retta opp skade som er påført skulen sin eigedom eller eigendelar 
  • bortvising frå aktivitetar eller tilstellingar dersom åtferda til eleven tilseier det 
  • annullering av prøvar, dersom eleven vert teken i juks 

 

Dersom ein elev alvorleg eller fleire gonger bryt skulereglane, kan det føra til desse reaksjonane:

  • bortvising frå undervisninga for ei opplæringsøkt, men ikkje meir enn to klokketimar 
  • bortvising resten av dagen på 1.-7. trinn ved fleire eller grove brot på reglementet. Føresette skal få melding før ein elev på barneskulen vert vist bort for resten av dagen 
  • bortvising inntil til tre dagar på 8.-10. trinn ved fleire eller grove brot på reglementet. Føresette skal om mogleg varslast i forkant av bortvisinga. 
  • skulebyte mellombels eller permanent
  • setja ned character i orden og åtferd. Dette må vedtakast av rektor i eit enkeltvedtak 
  • avbroten skuletur og attendeføring til ordinær undervisning
  • rusmiddel og gjenstandar som kan skada andre eller forstyrra opplæringa kan inndragast av skulen og eventuelt overleverast til politiet 

 

Eleven pliktar å følgja ilagte reaksjonar. Dersom eleven ikkje rettar seg etter reaksjonane, kan eleven ileggjast nye reaksjonar.