Skulereglar og demokrati

§ 12 Sakshandsaming ved bruk av reaksjonar

Ved bruk av reaksjonar gjeld følgjande sakshandsamingsreglar:

  • Skulen skal syta for at avgjerda vert teken på eit forsvarleg grunnlag. Eleven har rett til informasjon om korleis skulen ser på brotet og korleis skulen har tenkt å handtera det 
  • Eleven har rett til å forklara seg munnleg og gje uttrykk for synspunkta dine til den som skal ta avgjerda. Skulen skal syta for at situasjonen vert opplevd som trygg for eleven 
  • Reaksjonar skal grunngjevast slik at eleven forstår kva reglar som er brotne og kvifor skulen må reagera på dette 
  • Eleven skal, viss det er mogleg, få høve til å utbetra skader, til dømes ved hærverk 
  • Kun reaksjonar som følgjer av lov eller av skulereglane kan nyttast. Alle tiltak ved regelbrot skal fastsetjast i reglane til skulen 
  • Føresette skal så langt det er hensiktsmessig og til barnet sitt beste varslast før skulen treff ei avgjerd om ein inngripande reaksjon 
  • Rektor treff avgjerd om bruk av reaksjon. Tilsette ved skulen treff avgjerd om reaksjon innafor ramma av det rektor har delegert 
  • Bortvising skal kun nyttast i særs sjeldne og alvorlege tilfelle. Ved bruk av bortvising eller skulebyte som reaksjon, skal sakshandsamingsreglane for enkeltvedtak i forvaltningslova følgjast 
  • Det er kommunalsjef oppvekst som handsamar og gjer enkeltvedtak om eventuelt skulebyte i form av pålagt flytting til annan skule