§ 2 Verkeområde – kvar og når gjeld skulereglane
Forskrifta gjeld for dei kommunale grunnskulane i Luster kommune. Skulane kan laga eigne reglar tilpassa den einskilde skule. Desse må vera innafor ramma av dei kommunale skulereglane.
Skulereglane gjeld på skulevegen, i skuletida og på aktivitetar, tilstellingar og turar som skulen står for. Skulereglane gjeld også i ventetida før eller etter skuletid. Uakseptable og krenkande handlingar som skjer via digitale rom på skulen sitt intranett, læringsplattform, SMS og sosiale medium vil kunne omfattast av reglane.
Skulereglane kan også koma til bruk utanfor skuletida gitt at åtferda til elevane har tilstrekkeleg tilknyting til skulen og at situasjonar der elevar krenker kvarandre fører til at dei ikkje har det trygt og godt på skulen.
Skulereglane må sjåast i samanheng med kommunal prosedyre for eit trygt og godt skulemiljø.