Skulereglar og demokrati

§ 6 Kva rettar og plikter har du som elev

Som elev har du krav på:

  • at alle behandlar deg på ein ordentleg måte
  • at andre viser deg respekt og let dine eigendelar vera i fred
  • at du skal vera fri for fysisk, psykisk og verbal plaging/mobbing 
  • at du får eit godt lærings- og skulemiljø
  • at lærarar og tilsette grip inn og reagerer mot mobbing 

 

Som elev har du plikt til å:

  • behandla andre på ein ordentleg måte
  • visa andre respekt og la deira og skulen sine eigendelar vera i fred
  • ikkje plaga, sjikanera eller mobba nokon, verken fysisk, psykisk, verbalt eller digitalt
  • arbeida for eit godt lærings- og skulemiljø