Vedtekter SFO

§ 10 Leiing og bemanning

Det er rektor ved den einskilde skule som er leiar for SFO og har det overordna administrative, økonomiske og pedagogiske ansvaret.

Ved oppvekstsentra har rektor ein ressurs på minimum 8 % som pedagogisk og administrativ leiar. Ved Gaupne skule og på Hafslo barne- og ungdomsskule har rektor minimum 20 % ressurs som pedagogisk og administrativ leiar. Ved Gaupne skule og Hafslo barne- og ungdomsskule er det også oppretta funksjon som SFO-koordinator for å handtere den daglege drifta. Det vert avsett inntil 70 % ressurs til SFO-koordinator til praktisk planlegging og samarbeid med rektor. Rektor kan delegere mynde og oppgåvertil SFO-koordinator, men er likevel SFO sin øvste leiar. SFO-koordinator har møte-, tale-og forslagsrett i samarbeidsutvalet sine saker som gjeld SFO.

SFO skal ha bemanning og kompetanse som er fagleg forsvarleg og minimum i samsvar med lov og avtaleverk. Bemanninga i tal stillingar vert fastsett av kommunedirektøren ut frå talet barn i ordninga på skuledagar og på fridagar / i feriar, dagleg opphaldstid og tal barn totalt.

Grunnbemanninga skal som utgangspunkt vera ein vaksen per 12 barn. Ved vurderinga av bemanninga skal det takast særskild omsyn til barn med nedsett funksjonsevne og tal barn med særlege behov.

Bruk av tid til planlegging skal koma fram i årshjul / årsplan for skulen / SFO. Planleggingstid eller tilrettelegging skal inngå i vekeplanane og utgjera gjennomsnittleg minst 5 % av arbeidstida. Dei tilsette må sikrast tid til planlegging og samrådingstid med andre tilsette og med SFO-koordinator/rektor. Planleggingstida må vera i høve til stillingsstorleiken.