Vedtekter SFO

§ 2 Omskulefritidsordninga

SFO er eit friviljug tilbod før og etter skuletid for barn på 1.–4. årstrinn og for barn med særskilde behov på 1.–7. årstrinn. SFO skal vera ein trygg opphaldsplass for barna som skal gje barna omsorg og tilsyn, leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar og

vera tilpassa behova til barna og dei føresette. Det skal leggjast vekt på eit godt samarbeid mellom heim, skule og nærmiljø.

Innhaldet og organiseringa av skulefritidstilbodet skal vera i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande nasjonale reglar og planar som gjeld for Luster kommune.

Kapittel 12 i opplæringslova om elevane sitt skulemiljø gjeld også for SFO, jf. opplæringslova

§ 12-1. Etter § 12-2 har alle elevar rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring.

Barn har rett til å uttala seg om det som vedkjem dei, jf. barnekonvensjonen artikkel 12, og skal ha høve til å ta del i det som omfattar livet deira i skulefritidsordninga.

Det skal leggjast vekt på barn sine synspunkt i samsvar med alder og modning.