§ 5 Opptakskriterium
I utgangspunktet skal SFO gje plass til alle barn som ønskjer å delta i ordninga. Dersom dette skulle visa seg praktisk vanskeleg – til dømes av plassomsyn – vert opptak gjort etter desse prioriteringane:
- barn med særskilde behov på 1.-7. trinn ut frå faglege vurderingar
- barn på 1. trinn
- yngre barn går føre eldre barn
Barn med særskilde behov har ikkje rett til individuelt tilrettelagt opplæring i skulefritids- ordninga fordi skulefritidsordninga ikkje er ein del av grunnskuleopplæringa. I og med at det er ulike reglar som gjeld for grunnskuleopplæringa og for skulefritidsordninga, kan det vera at det einskilde barn si trong for tilsyn kan vera ulikt i opplæringa og i skulefritidsordninga.