Vedtekter SFO

§ 6 Opptaksperiode og oppseiing av plass ved SFO

Søknadsfrist for plass i SFO er 1. februar. Søknadsskjema for SFO finn ein på kommunen si heimeside. Føresette treng ikkje søkja kvart år. Når barnet har fått tildelt SFO-plass, har barnet dette til og med 4. årstrinn – eventuelt til og med 7. årstrinn for barn med særskilde behov – eller til plassen vert skriftleg sagt opp.

Luster kommune tilbyd fire ulike SFO-plassar: 25 %, 50 %, 75 % og 100 % plass. Opningstida til SFO varierer mellom dei ulike skulane. Som følgje av dei ulike opningstidene er det også skilnad i kva plassalternativ som vert tilbydd ved den einskilde SFO.

Oppseiing / endring av plass i SFO skal gjerast med 1 månads varsel med verknad frå den

1. i påfølgande månad. Skriftleg oppseiing skal gjerast gjennom Visma Flyt Skole.

Ein må betala i oppseiingstida sjølv om plassen ikkje vert nytta. Ved endring av plass til ein mindre plass gjeld oppseiingstida som for oppseiing. Ved endring til større plass gjeld betaling frå avtala endringsdato.

Dersom det let seg gjera praktisk og det er kapasitet, er det også høve til å ta opp barn i ordninga undervegs i skuleåret.

Det gjeld eigne fristar for påmelding til skuleferiar. Dette vert administrert av den einskilde SFO. Påmelding til SFO i sommarferien skal skje før 1. mai. Skulestartarar og andre nye elevar til nytt SFO-år kan starte frå og med 1. august.