Vedtekter SFO

§ 8 Leike- og opphaldsareal

Skulefritidsordninga bør ha ein eigen base i skulen. Der dette ikkje let seg gjera grunna praktiske omsyn eller lågt barnetal, kan ein eventuelt inngå eit samarbeid med barnehagen. Det skal leggjast til rette for at barna kan ha eit rom for rolege aktivitetar.

Generelle krav som vert stilt til leike- og opphaldsarealet er dei same som gjeld for skulen. Krava er dei som kjem fram av opplæringslova kap. 12, folkehelselova, arbeidsmiljølova, forskrift om miljøretta helsevern og plan- og bygningslova.

Skulefritidsordninga disponerer areala ute og inne ved den einskilde skule som er eigna til føremålet.