Vedtekter SFO

§ 9 Opphalds- og opningstider

SFO følgjer i utgangspunktet skuleåret. SFO er ope før og etter skuletid ut frå brukarbehova ved den einskilde skule, og skal tilpassast opningstida til nærliggjande barnehage.

Alle SFO har fem planleggingsdagar i løpet av eitt skuleår, og då er SFO stengd. Planleggingsdagane til SFO er vanlegvis samanfallande med planleggingsdagar på skulen.

SFO i skuleferiar

  • Julaftan og nyårsaftan er skulefritidsordninga stengd. Onsdag før skjærtorsdag stengjer skulefritidsordninga kl. 12. Skulefritidsordninga er stengd på planleggingsdagar for SFO-personalet.
     
  • I haust-, jule-, vinter- og påskeferien og på inneklemde dagar, er SFO-tilbodet i kommunen i hovudsak avgrensa til Gaupne barneskule og Hafslo barne- og ungdomsskule. Dette tilbodet er ope for barn frå alle krinsar i kommunen. Ordninga med gratis 12-timar SFO per veke for 1.-3. trinn gjev også tilbod to dagar pr veke i skuleferiane. Desse dagane må avklarast på førehand.
     
  • I sommarferien er det heildags SFO-tilbod ved Gaupne barneskule og Hafslo barne- og ungdomsskule unnateke dei tre siste vekene i juli (fellesferien) då sommar-SFOer stengd. Sommar-SFO i Gaupne og på Hafslo er ope for barn frå alle krinsar i kommunen. Informasjon om sommar-SFO vert sendt ut til alle føresette i Luster i slutten av april kvart år. Ordninga med gratis 12-timar SFO per veke for 1.-3. trinn gjev også tilbod to dagar pr veke i sommar-SFO. Desse dagane må avklarast på førehand.
     
  • Det må vere minst tre påmelde barn for at SFO skal vera ope i skuleferiane, på inneklemde dagar og på sommar-SFO.
     
  • Barn som til vanleg ikkje har SFO-plass, har høve til å kjøpa dagplass ved Gaupne skule eller Hafslo barne- og ungdomsskule i feriar og på inneklemde dagar til ein dagsats som er lik satsen ein betalar for SFO i sommarferien.