Helsestasjon for ungdom 13-20 årHelsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod for alle ungdommar i alderen 13-20 år og er eit supplement til skulehelsetenesta.På helsestasjon for ungdom (HFU) møter du lege og helsesjukepleiar. Du finn oss på Luster helsestasjon og det er ope kvar torsdag kl. 14.30 - 16.00. Du kan koma innom på drop-in eller ringe for å avtale tidspunkt. Vårt tilbod:Rettleiing om seksuell helse og rettleiing knytt til prevensjonInnleggelse / uttak av p-stav og hormonspiralInformasjon om p-stavInformasjon om hormonspiralTesting og behandling for seksuelt overførbare infeksjonarSamtalar og oppfølging knytt til psykisk helse, rus og vald. Kontakt HFU:Telefon: 57 68 56 05 / 90 98 47 20Ein kan ringe til helsestasjonen utanom oppsett opningstid for å avtale time på eit anna tidspunkt som passar betre.HFU har stengt i skuleferien. I denne tida kan ein gjera avtale med helsestasjonen i kontortida. https://www.nrk.no/spesial/prevensjonsguide/https://www.sexogsamfunn.no/