Foreldrerettleiingskurs i Tryggheitssirkelen – COS-P
Helsestasjonen tilbyr foreldrerettleiingskurs for foreldre som er heime i permisjon med barn. Det er tilbod om kurs 2 gonger i året og oppstart krev eit visst tal deltakarar.
COS-kurset skal gi foreldre verktøy til å forstå betre kva behov barn har, kva signal dei gir og kva ein kan gjera for å møte behova betre. Kurset vert anbefalt til alle foreldre. Dersom ein ynskjer meir informasjon om kurs kan ein kontakte helsestasjonen.
Helsestasjonen samarbeider også med barnehagane i Luster om COS foreldrerettleiingskurs på kveldstid. Kontakt rådgjevar på Oppvekst for nærmare informasjon.