Lokale telefon nummer til aktuelle hjelpeinstansar
Luster legekontor: tlf. 57 68 56 00
Legevakt: 116 117
Krisesenter
Krisesenteret tilbyr profesjonell støtte til kvinner, menn og deira barn som er utsett for vald i nære relasjonar. Du treng ikkje vera i akutt krise for å ta kontakt. Krisesenteret driv også eit skjerma butilbud der senteret tek i mot vaksne og deira barn når heimen ikkje er ein trygg stad. Du treng ikkje å bu på senteret for å få hjelp. Ta kontakt og be om ein samtale med krisesenteret – Krisesenteret er her for å hjelpe deg.
Languages - Dinutvei.no
Krisesenteret i Sogn og Fjordane har døgnopen telefon, ring 57 74 36 00.
Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane
Postboks 188,
6901 Florø
Overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane
Overgrepsmottaket v/sentralsjukehuset i Førde er døgnbemanna med sjukepleiarar og legar i vaktberedskap.
Overgrepsmottaket tilbyr samtale, undersøking, prøvetaking, sporsikring og behandling ved seksuelle overgrep og for dei som har vert utsett for vald i nære relasjonar.
Kontakt overgrepsmottaket på telefon 57 72 37 48 eller SMS 929 88 785.
Her finn du meir informasjon om overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane
Nok. Sogn og Fjordane - Lågterskel hjelpetilbod og fagressurs om seksuelle overgrep.
Luster kommune har eit samarbeid med Nok. Sogn og Fjordane, som er eit senter mot seksuelle overgrep. Dette er eit gratis hjelpetilbod for utsette for seksuelle overgrep og deira pårørande. Det trengst ikkje henvisning, og det jobbar erfarne fagfolk der. Ta direkte kontakt med senteret om du lurer på noko. Nok. Sogn og Fjordane er og ein fagressurs som tilbyr rettleiing til fagpersonar om tema som omhandlar seksuelle overgrep. Du kan diskutere einskildsaker anonymt, få generell informasjon, be om føredrag eller undervisning.
Nok.Sogn og Fjordane - Ingen skal bli utsett for seksuelle overgrep.
Dinutvei.no - Nasjonal vegvisar ved vald og overgrep
Her finn du kvalitetssikra informasjon om hjelpetilbod ved vald i nære relasjonar, valdtekt og andre seksuelle overgrep.
Vern for eldre
Overgrep mot eldre skjer både i private heimar og på institusjonar.
Alle over 62 år som er utsett for overgrep, kan ringe Nasjonal kontakttelefon: tlf. 80 03 01 96, mandag – fredag kl. 09.00 – 15.00.
Vern for eldre hjelper dei som står i fare for eller er utsett for overgrep.
plikt. no - Alle har ei plikt til å forhindre vald og overgrep
Vi har alle ei plikt til å søke å forhindre at nokon blir utsett for alvorlege straffbare handlingar, handlinger som vil kunne gå ut over liv og helse. Avvergingsplikta gjeld for alle, både yrkesutøvarar med teieplikt, og privatpersonar.