Økonomisk sosialhjelp og naudhjelp

Personar som ikkje er i stand til å syta for livsopphaldet sitt, eller som i særskilte tilfelle treng hjelp til å tilpassa seg eller overvinna ein vanskeleg livssituasjon, kan søka om økonomisk sosialhjelp.  Dersom du i særskilte høve er i behov for økonomisk naudhjelp 

Ofte vert økonomisk hjelp kombinert med rådgjeving og krav til søkjar. For at søknaden skal kunne handsamast så raskt som mogleg, må søknaden vera fullstendig og korrekt utfylt og dokumentasjon må liggja ved søknaden. Du finn meir informasjon her.

Du kan søka om sosialhjelp digitalt i vår kommune ved å gå inn her https://www.nav.no/start/okonomisk-sosialhjelp. Dersom du ønskjer å fylla ut papirversjon av søknaden, finn du også denne her https://www.nav.no/start/okonomisk-sosialhjelp

Treng du hjelp til utfyllinga, kan du ringa NAV på tlf. 55 55 33 33 og få rettleiing over telefon. Om du ønskjer samtale med rådgjevar oppmodar me om å gjera avtale via telefon eller chat.

www.nav.no er ope heile døgnet. På Min side kan du ta direkte kontakt med din rådgjevar. Om noko hastar eller du ynskjer å setja opp avtale, kan NAV kontaktsenter vidareformidla melding, og det vert teke kontakt med deg.


NAV Luster har ope publikumsmottak kvar tysdag mellom kl. 12:00 og 14:00.

 

ØKONOMISK NAUDHJELP

Om du er i ei akutt økonomisk krise kan du har trong for naudhjelp for ei kort periode.  Du søkjer om naudhjelp digitalt, på same måte som du søkjer om sosialhjelp. Sjå framgongsmåte ovanfor. 

Om noko hastar eller du ønskjer å setja opp avtale, kan NAV kontaktsenter vidareformidla melding, og det vert teke kontakt med deg innan to dagar. I ein naudsituasjon kan du eventuelt ta kontakt med NAV Luster direkte på tlf. 96942338.

Treng du hjelp til utfyllinga av søknad, kan du ringa NAV Kontaktsenter på 55 55 33 33 og få rettleiing over telefon.