Transportproblemer

Konkurs hos Norsk bibliotektransport AS rammar boktransporten. Fjernlån og innlån kan vere utilgjengeleg i ein periode.

Kva betyr dette for deg som lånar?

Du vil i ein periode oppleve at:

  • det ikkje er mogleg for deg å bestille lån frå andre bibliotek gjennom Biblioteksøk
  • det tek lengre tid enn vanleg å få materiale frå andre bibliotek

Dette skuldast forhold utanfor biblioteket sin kontroll.

Kva kan du gjere i mellomtida?

  • Sjå gjerne om boka eller materialet finst i eige bibliotek
  • Spør dei tilsette om
    • digitale alternativ
    • tilsvarande titlar eller anna relevant materiale

Følg med på nettsidene våre – me oppdaterer så snart situasjonen endrar seg.

Når vert dette løyst?

Vestland fylkeskommune og biblioteka arbeider saman med andre fylke for å få på plass ei ny løysing for transport mellom bibliotek så raskt som mogleg. Det er førebels uvisst kor lang tid dette vil ta.

Me forstår at dette kan vere frustrerande, og takkar for tolmodet medan me jobbar med ei varig løysing.

Snakk med oss

Har du spørsmål, eller treng hjelp til å finne alternativ? Ta gjerne kontakt. Me hjelper deg så godt vi kan.