Fiske

Luster felles fiskekort

Eitt felles fiskekort for store deler av Luster kommune. Innanfor dette tilbodet får du tilgang til ca. 115 ulike fiskevatn og elver. Her er det mange gode høgfjellsvatn med fin fisk.

Bilde av fisk - Klikk for stort bilete

Luster kommune har arbeida for å få til eit felles fiskekort for kommunen. Målet har vore å få med flest mogleg av fiskevatna i eitt felles fiskekort, som enkelt kan kjøpast på inatur.no ved hjelp av ein smarttelefon. Dermed vil fiskeinteresserte få tilgang til ei mengd fiskevatn utan å måtta leita seg fram til dei ulike utsalsstadene og nå deira opningstider. Det vil framleis vera mogleg å få kjøpt fiskekort på dei vanlege utsalsstadene.

 Les om fiskemoglegheiter i Luster og tilgrensande område på inatur.no