Jubileet for utvandring fra Luster til USA

Det kan førekome endringar i programmet med omsyn til dato, og andre arrangement kan verta lagt til. Det vil også kome oppdateringar etter kvart som arrangementet nærmar seg.

I samband med at Noreg markerer utvandrarjubileet i 2025, vert det gjennom året arrangert ei rekkje aktivitetar og kulturhendingar i Luster kommune.
Gjennom konsertar, utstillingar, vandringar, historiske formidlingar og arrangement for både vaksne og born, vil me løfte fram historia til dei mange som reiste frå bygdene våre – og minna om korleis denne utvandringa har sett spor både her heime og i verda.
Arrangementskalenderen samlar små og store markeringar i heile kommunen, og gir ei unik moglegheit til å delta, lære og minnast.
Frå slåttedagar og vandringar til filmframsyningar, tablå, slektshistoriekurs og konsertar – alt med rot i lokal historie og med blikk mot dei lange linene som bind fortid til notid.
Følg med på kalenderen og bli med på å markere utvandringsåret 2025 – der me minnast både dei som drog og dei som vart verande.