Verdsarven

Urnes stavkyrkje - Klikk for stort bileteUrnes stavkyrkje

På Ornes ligg Urnes stavkyrkje, ein av åtte norske verdsarvstader. Urnes vart skriven inn på UNESCO si verdsarvliste i 1979. Kyrkja vart bygd på tidleg 1130-talet. 

I 2017 vart Verdsarvrådet for Urnes og tilhøyrande områder stifta.

Verdsarvkoordinator er sekretær for Verdsarvrådet.

Verdsarvrådet har som målsetjing å vere ein viktig arena for diskusjon, rådgjeving og avklaring i saker som kan ha verknad for oppfølging av verdsarvstatusen som er tildelt Urnes stavkyrkje. Vidare skal rådet arbeide for ei positiv utvikling av omgjevnadane rundt Urnes stavkyrkje i tråd med intensjonen i innskrivinga, verdsarvkonvensjonen og Den europeiske landskapskonvensjon.

Verdsarvrådet utarbeider ein handlingsplan, som legger føring for verdsarvarbeidet og igangsetting av prosjekt, i regi av verdsarvkoordinator.

Sidan 2020 har verdsarvkoordinator vore tilsett i Luster kommune.

Føl prosessen mot etablering av eit verdsarvsenter på Ornes her