Framleis badevatn av akseptabel kvalitet

Badeplassen i Luster

Badevasskvaliteten er målt ved dei tre kommunale badeplassane måndag 3. juni. Luster v/Markstein og Solvorn viser badevatn av god kvalitet. Skjolden av mindre god kvalitet, men det er ikkje naudsynt å setje inn tiltak då målingane framleis er innanfor akseptabelt område.

Bakgrunnsinformasjon:

Dersom ei vassprøve har eit så høgt innhald av termotolerante koliforme bakteriar og/eller fekale streptokokkar at vatnet vert sett til ikkje akseptabel vasskvalitet 

gjennomfører Luster kommune ei vurdering, i tillegg til å ta nye, oppfølgjande prøver.

Det er særleg målingar av tarmbakteriar (vesentleg e-coli) og intestinale enterokokkar som seier noko om badevasskvaliteten. Kontroll av badevasskvaliteten blir gjennomført av den enkelte kommune etter «Forskrift om miljørettet helsevern» (Lovdata). Prøvane er tekne etter ”Vannkvalitetsnormer for friluftsbad”.

 

ParameterGodMindre godIkkje akseptabel
Termotolerante koliforme bakterier/100 ml< 100100-1000> 1000
Intestinale enterokokkar (fekale streptokokkar) /100 ml< 100100-1000> 1000

 

Dato/Stad
 

 14.05  
1)  

 14.05  
2)  

 03.06  
1) 
 03.06  
2)  

Kvalitet ved sist måling
 

Skjolden

 <10

 <10

 31 150

Mindre god pga intestinale streptokokkar over nedre grenseverdi 3. juni, men likevel innafor akseptabelt nivå

Luster

 20

 <10

 42 <10

God

Solvorn

 <10

 <10

 <10 <10

God

1) Termotolerante koliforme bakteriar (e-coli)

     2) Intestinale enterokokkar  (fekale streptokokkar)

Det er ikkje naudsynt med særlege tiltak då resultata er på akseptabelt nivå.