Kartlegging og forvaltning av tur - og friluftsruter

Tur- og friluftsruter

Alle som tek på seg tilrettelegging, merking og skilting av ruter, må sørge for at dei ligg rett plasserte på kartet. Merkejobben er ikkje fullført før ruta er kartlagt.

Turstien Hafslo-Årøy

Ved å melde dei kartlagde rutene direkte til Kartverket, oppnår ein at data blir kontrollerte, koda, strukturerte og samanstilte med anna innhald i kartet. På denne måten vil rutene bli tilgjengelege i grunnlagskarta for alle som ynskjer å bruke informasjonen, anten det er for innsyn på nettstader eller for å lage turkart eller andre produkt.

For innmelding og endring av turruter, vinterruter, sykkelruter eller andre typar ruter, føl instruksen i kapitlet om registrering på kart i merkehåndboka. Husk spesielt å opplyse om rutetype, registreringsdato for kartlegging i terrenget og ansvarleg for vedlikehald av rutene i samandragsfeltet.

For meir informasjon om kartlegging og forvaltning av ruter sjå artikkel på kartverket.no om nasjonal database for tur- og friluftsruter.

Meld inn tur- og friluftsruter i kartet (linkadr.: https://www.rettikartet.no/app/turruter)

Turstien Mollandsmarki-Solvorn