BuLust

BuLust-prosjektet er eit prosjekt i regi av Luster kommune med ein prosjektleiar som er tilsett i 3 år. BuLust-prosjektet skal jobba med korleis ein kan få fleire til å fortsette å bu i Luster, og korleis få folk til å flytte til Luster.

Prosjektet skal skape eit samarbeid mellom entreprenørar, bygdalag, innbyggjarar og andre for å fremje busetjing i Luster.

Me skal fokusere på fire satsingsområde i prosjektet:

  • Tettstadsutvikling
  • Omsetjing av lite nytta bustadsmasse 
  • Omsetjing av ledige tomter
  • Nye bukonsept/transformasjon av bygg 

Alle innbyggjarane kan gi innspel til prosjektet, og spesielt i form av ei spørjeundersøking som vil bli sendt ut våren 2026. Me ynskjer å bruke dette materialet for å meir svar på kva ein skal satse på i årene framover. 

Ta kontakt med prosjektleiar for BuLust, 
Lisa Kvålshaugen Bjærum, på epost: lisa.kvalshaugen.bjerum@luster.kommune.no om du har innspel. 

Kjøpe eller selje eigendom i Luster

Hus i Solvorn - Klikk for stort bilete

Luster kommune ynskjer å skape eit direkte samarbeid mellom kjøpar og seljar slik at eksisterende eigendommer kan bli omsett direkte.

Fyll ut skjema her

Spørjeundersøking

Jostedalen - Klikk for stort bilete

I løpet av første halvår i 2026 vil det komme ein spørjeundersøking til alle innbyggjare og potensielle tilflyttare som vil kartlegge kva slags bukonsept ein skal satse på, korleis få omsett eksiterenda bustadsmasse på marknaden, og kva som er viktig for den einskilde med å bu i Luster kommune.