Beheim 2, Hafslo gbnr. 149/109 (tomt 18) |
Nedanfor følgjer ei oppsummering av planføresegner som gjeld for gbnr. 149/109. For utfyllande detaljar sjå føresegnene og/eller lovverk. |
Reguleringsformål Frittliggjande einebustad | Byggjegrense Sjå plankart. |
Areal 643 m2 | Utnyttingsgrad BYA maks. 200 m2 |
Maksimal byggjehøgde | Mønehøgde: 8,5 m Gesimshøgde: 6 m – skal vere minst 2 m lægre enn mønehøgda. |
Møneretning og takform | Bustadhus – skal ha om lag lik møneretning - parallelt med terrengkotane eller med tilgrensande off. veg. Garasje/carport/uthus– skal ha møneretning vinkelrett på eller parallelt med møneretning for bustadhus eller tilgrensande veg. |
Utforming | Bygningane skal utformast og plasserast slik at det gjev ei harmonisk og heilskapleg utbygging. Det skal leggjast vekt på å få gode uteopphaldsareal på kvar tomt. Støttemurar over 1m skal sikrast med gjerde. Gjerde skal vere i trematerial og ikkje overstiga ei høgde på 1 m. Langs same veglinje og friområde skal gjerda ha ei einsarta utforming. |
Tilkomst og avkøyrsle | Skal vere frå offentleg veg og syne på situasjonsplanen |
Parkeringsplassar | Det skal opparbeidast min. to P-plassar på tomt (inkl. P-plass i garasje) og min. 0,5 P-plassar pr. hybel. |
Garasje/carport/uthus | Enkle bygningar har maks. mønehøgd på 4,5 m og doble bygningar gir maks. mønehøgd 5,5 m. Garasje/carport kan ha underetasje nytta som bod/kjellar der terrengtilhøva tilseier det, og då kan møne- og gesimshøgd aukast med 1,5m. |
Kabelanlegg | Skal leggjast i bakken (el., tele ..) |
Situasjonsplan | Tilkomst, garasje/-carportplassering, terrasse i tilknyting til huset, buer og andre frittståande byggverk skal vera synte på situasjonsplanen som følgjer søknaden, og kvar einskild tomt skal syna tilpassing til nabotomter. |