Beheim 2, Hafslo gbnr. 149/121 (tomt T2) |
Nedanfor følgjer ei oppsummering av planføresegner som gjeld for gbnr. 149/121. For utfyllande detaljar sjå føresegnene og/eller lovverk. |
Reguleringsformål Terrassehus/blokker Min. 8 husvære på 2 eller fleire rom | Byggjegrense 10 m frå senterlinje i Bakkingasvingen. Sjå plankart. |
Areal 1 337 m2 | Utnyttingsgrad %BYA 40 % |
Maksimal byggjehøgde | Mønehøgde ved skråtak maks. kt. 219. Gesimshøgde: maks. kotehøgde 217. |
Møneretning og takform | Møneretning skal vere vinkelrett på grenselinje mellom 149/118 og 149/121. Takform skal samordnas med bygning på gbnr. 149/118. Garasje/carport/uthus– skal ha møneretning vinkelrett på eller parallelt med møneretning for bustadhus eller tilgrensande veg. |
Utforming | Bygningane skal utformast og plasserast slik at det gjev ei harmonisk og heilskapleg utbygging. Det skal leggjast vekt på å få gode uteopphaldsareal på kvar tomt. Støttemurar over 1m skal sikrast med gjerde. Gjerde skal vere i trematerial og ikkje overstiga ei høgde på 1 m. Langs same veglinje og friområde skal gjerda ha ei einsarta utforming |
Tilkomst og avkøyrsle | Skal vere frå offentleg veg og syne på situasjonsplanen |
Parkeringsplassar | Det skal på eiga tomt opparbeidast min. to P-plassar for husvære på 3 rom og meir, 1,5 P-plassar for husvære på mindre enn 3 rom og 0,5 P-plassar pr. hybel. |
Garasje/carport/uthus | Kan plasserast nærare off. veg enn byggjegrense, men ikkje nærare enn 0,5 m til «anna vegareal». Enkle bygningar har maks. mønehøgd på 4,5 m og doble bygningar gir maks. mønehøgd 5,5 m. Garasje/carport kan ha underetasje nytta som bod/kjellar der terrengtilhøva tilseier det, og då kan møne- og gesimshøgd aukast med 1,5 m. |
Kabelanlegg | Skal leggjast i bakken (el., tele ..) |