Høyheimsvik gbnr. 71/113 (Tomt 6) |
Nedanfor følgjer ei oppsummering av planføresegner som gjeld for gbnr. 71/113. For utfyllande detaljar sjå føresegnene og/eller lovverk. |
Reguleringsformål Bustad med tilhøyrande anlegg | Byggjegrense Ca. 9 m frå midtlinje veg. Sjå reguleringsplankart. |
Areal 1 233 m2 | Utnyttingsgrad BYA 25 % |
Maksimal byggjehøgde | 1 ½ etasje over sokkel Mønehøgde: maks. 8 m Gesimshøgde: maks.6 m |
Tak | Minimum takvinkel på 30 grader. |
Utforming | Bygningane i same område skal ha ei harmonisk utforming med tanke på form og materialbruk. Terrenginngrep som vegskjeringar og fyllingar i samband med trafikkområde skal tilplantast eller tilstellast på annan tiltalande måte |
Gjerde | Gjerde eller vegetasjon skal ikkje hindre sikt i vegkryss. Høgde og utforming på gjerde skal godkjennast av Luster kommune. Støttemurar mot offentleg veg med høgde over 1 m skal sikrast med gjerde. Langs same vegline skal gjerda ha ei einsarta utforming |
Parkeringsplassar | I tillegg til ein garasje skal det opparbeidast plass til 1 bil pr. husvære på tomta utanom veggrunn. |
Garasje | Garasjar og buer kan berre oppførast i ein etasje og skal vera tilpassa bustadhuset med omsyn til materialval, form og farge. |
Situasjonsplan | Tilkomst, garasje, terrasse i tilknyting til huset skal vera synte på situasjonsplanen som følgjer byggjemeldinga. |