Borhaug, Solvorn gbnr. 171/19 (tomt 14) |
Nedanfor følgjer ei oppsummering av planføresegner som gjeld for gbnr. 167/53. For utfyllande detaljar sjå føresegnene og/eller lovverk. |
| Reguleringsformål Bustad Areal ca. 9 dekar. Fastsetjing av tomtegrenser vert gjort i samband med oppretting av målebrev Byggjegrense 5 m frå senterlinje veg. Sjå plankart. Utnyttingsgrad BYA 30 % |
Maksimal byggjehøgde | Mønehøgde: 8,5 m Gesimshøgde: 6 m |
Tak | Saltak med takvinkel mellom 27 og 40 grader. Bygningar på same tomt skal ha lik vinkel. |
Møneretning | Bustadhus – skal vere vinkelrett på tomtegrensa i nord. Garasje/carport– kan vere vinkelrett eller parallelt med møneretning for bustadhus eller off. veg |
Utforming | Bygningane skal utformast og plasserast slik at det gjev ei harmonisk og heilskapleg utbygging. Det skal leggjast vekt på å få gode uteopphaldsareal på kvar tomt. Tomta skal inngjerdast mot tilstøytande landbruksareal. Støttemurar over 1m skal sikrast med gjerde. Gjerde skal vere i trematerial og ikkje overstiga ei høgde på 1 m. Langs same veglinje og friområde skal gjerda ha ei einsarta utforming. |
Tilkomst | Skal syne på situasjonsplan med avkøyrsle frå offentleg veg |
Parkeringsplassar | Det skal opparbeidast min. to P-plassar/garasje på tomt og min. 0,5 plassar pr. hybel. FP er felles gjesteparkering. |
Garasje/carport/uthus | Kan overskride byggjegrense, men ikkje nærmare enn 2 m til køyreveg. Maks. 1 etasje. Doble bygg gir maks. mønehøgd 5,5 m og enkle har maks. mønehøgd på 4,5 m. |
Kabelanlegg | Skal leggjast i bakken (el., tele ..) |