Bygg utan å søkjeDet er mykje du kan bygge utan å søkje til kommunen. Du som bygger har sjølv ansvaret for at det som du skal bygge ikkje kjem i konflikt med reglane i plan- og bygningslova, gjeldande planar eller anna regleverk.Direktoratet for byggkvalitet (DBK) har laga ein vegvisar du kan bruke som hjelp for å finne ut om du slepp å søkje byggeløyve, eller om du må sende inn byggesøknad til kommunen.I vegvisaren Bygg utan å søkje får du mellom anna hjelp til å rekne utBruksarealProsent eller talet på kvadratmeter BRA - %BRABebygd areal BYADette kan du bygge utan å søkje - sjå vegvisaren her Sjekk først om du må søke På direktoratet for byggkvalitet sine nettsider kan du enkelt sjekke om du treng å søke. Rettleiar - vegen til komplett byggesøknad Les her korleis du går fram, frå idé til ferdig søknad Profesjonell søkar Profesjonelle aktørar kan no nytte nye digitale søknadsløysingar som er betalingstenester. Systemet sjekkar at søknaden er fullstendig før den vert sendt, då kan den hadsamast raskare.Gå til digitale søknadsløysingar for profesjonelle brukarar Privatperson som søker Privatpersonar kan søkje om mindre byggjearbeid. Ved større byggearbeid må ein profesjonell søka for deg.Gå til søknadsløysing for privatpersonar Før du søker - dette må vere med 1. Sjekk planar og reglar Før du startar eit byggearbeid må du sjekke kva planar og reglar som gjeld for eigedomen din. Ta kontakt med kommunen dersom du er i tvil om du har lov til å bygge.Planar og reglar for din eigedom finn du via kommunekart2. Skriv ut situasjonskart og teikn inn det du skal byggeEit situasjonskart er eit kartutsnitt av eigedomen. Når du søker om eit tiltak, treng du eit situasjonskart for å teikne inn kva du skal bygge. Skriv ut situasjonskart Sett inn avstand til eigedomsgrense og nærliggande bygg.3. Bestill nabolisteSkal du gjere noko som krev at du søker om byggeløyve frå kommunen må du varsle naboane dine først. Bestill naboliste frå infotorget (privat søkar) eller via Ambita Infoland (profesjonelle søkar). 4. Send nabovarsel ut frå mottatt nabolisteInformasjon og skjema finn du på direktoratet for byggkvalitet sine nettsider (PDF, 160 kB)5. Send inn søknadHugs å fylle ut alle felt og legg ved all relevant informasjon, slik som teikningar, nabovarsel og kvitteringar for nabovarsel.Informasjon og skjema finn du på direktoratet for byggkvalitet sine nettsiderSend eller lever søknaden:Luster kommune, postboks 77, 6866 Gaupneeller på e-post: postmottak@luster.kommune.no Søknadsblankettar Digitale søknadsløysingarKomplette skjemapakker for ulike typer søknaderSøknadsskjemaer for byggesak Kor stort kan du byggje? Få hjelp i rettleiaren frå Direktoratet for byggkvalitetSjå også informasjon i rettleiaren «grad av utnytting» frå kommunal- og regionaldepartementet.Før du bruke rettleiaren frå direktoratet må du avklare planstatusen for eigedomen din. Den finn du i kommunen si kartløysing. Huk av for Luster i nedtrekksmenyen til venstre i bilete. Søk opp eigedomen din og huk av for «reguleringsplaner» rett under kommunevåpenet. Du ser informasjon om din eigedom i feltet til høgre som heiter «Kartlagsinfo». Trykk på «reguleringsplan» for å få fram reguleringsplanen som gjeld for din eigedom. Er eigedomen regulert?Viss det finst ein reguleringsplan er eigedomen regulert.Står det noko om utnyttingsgrad i reguleringsplanen eller kommuneplanen?Det må vere oppgitt som ein av følgjande:BYA eller %BYABRA eller %BRAT-BRADu kan ikkje nytte rettleiaren dersom dette manglar.Du finn kommuneplanen ved å velje «kommuneplan» i kartet. Viss kommuneplanen ikkje vises for eigedomen din, så prøv å zoome lenger ut i kartet.Står det noko i kommuneplanen om at den gjeld framfor reguleringsplanen?Nokre reguleringsplanar i kommunen skal gjelde framfor kommuneplanen. Kva for reguleringsplanar dette er finn du i Kommuneplanen sin arealdel, (PDF, 3 MB)punkt 4.6.4 (frå s. 40)Kor stor er eigedomen din?Dette kan du finne ut ved å trykke på «eiendommer» i feltet «kartlagsinfo». I feltet «areal» skal det stå storleik på eigedomen din. Du kan også finne denne informasjonen via seeiendom.no Dette kan du bygge utan å søkje https://www.dibk.no/bygge-eller-endre/bygg-mer-uten-a-soke