Drikkevatn

Det er 13 kommunale vassverk i Luster:
Veitastrond, Hafslo, Gaupne, Orrhaug, Høyheimsvik. Dale, Skjolden, Drægni, Hestehagen.Sagerøy, Jostedal, Gjerde og Breheimsenteret.  Desse forsyner om lag 60 % av innbyggjarane i kommunen.  Talet på vassverk er svært omfattande for ein kommune med vel 5000 innbyggarar og med eit stort geografisk område.

Etter krav frå Mattilsynet har alle innbyggarane rett til innsyn i prøvetakingsresultat for alle vassverk.

Kvalitet på drikkevatnet

Drikkevatnet i Luster er av god kvalitet og trygt å drikke, dersom ikkje får du beskjed om eventuelle tiltak som t.d. kokepåbod. Vatnet følgjer dei strenge krava i drikkevassforskrifta. 

Me tar jamlege prøver av råvatnet og drikkevatnet både på sjølve vassverket og ute på nettet.  Utvalde prøvetakingspunkt blir prioritert etter nærare gjennomgang og kan derfor variere frå eit år til neste.
Resultata er registrert tilbake til 2022 då Sognlab bytte registreringsprogram. Har du behov for å sjå analyseresultat frå før 2022 kan du ta kontakt med Luster kommune. 

Klikk i kartet for å sjå prøveresultata.


 Tilkopling vatn og avlaup 

Vassmålarskjema

Info om målaravlesning via sms.

Akutt problem med vassforsyninga

Opplever du akutt problem med vassforsyninga

Ring Beredskap - teknisk drift tlf 481 02 120