SMS-varsling frå kommunen
Kommunen nyttar varslingssystemet ServiceAlert. Med dette systemet kan vi raskt varsle dei det gjeld ved behov, basert på gateadresser. ServiceAlert sender varsel via SMS, e-post og talemelding til fasttelefon.
Kvifor er dette nyttig for deg?
Vi varslar deg ved hendingar du treng å vite om. Det kan vere ved stenging av vatn, stengde vegar, evakuering, generelle servicemeldingar eller andre situasjonar som krev rask informasjon.
Korleis finn vi deg?
ServiceAlert nyttar tre register for å nå ut med informasjon til deg.
Privatpersonar
Kontaktinformasjonen blir henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringsdirektoratet (tidlegare Difi). Vi tilrår at du legg inn mobiltelefonnummer og e-postadresse i kontaktregisteret. Dei fleste førespurnader frå det offentlege hentar kontaktinformasjonen herfrå, til dømes til skattemeldinga.
Oppdater kontaktinformasjonen din her (Norge.no)
Tilleggsregister
Tilleggsregisteret kan du bruke dersom du ønskjer å motta varsel for ei verksemd eller for ei adresse du ikkje er registrert med bustadadresse på. Tilleggsregisteret blir berre brukt av din kommune. Det er difor viktig at du oppdaterer informasjonen i tilleggsregisteret dersom du flyttar til ein annan kommune.
Gå til tilleggsregisteret her (Varslemeg.no)
Sårbare verksemder
Sårbare verksemder er til dømes bedrifter som er avhengige av vatn for å drive verksemda si.
Dette kan vere sjukehus og medisinske senter, alders- og sjukeheimar, lege- og tannlegekontor, barnehagar og skular, næringsmiddelprodusentar og bønder/husdyrhald.
Tilleggsregisteret gjer at kontaktpersonar for verksemder kan knytast til verksemda med sitt telefonnummer. Kontaktpersonen vil då få varsel frå kommunen samtidig som verksemda.
Registrer deg i tilleggsregisteret her (Varslemeg.no)
Får du ikkje varsel?
- Er du folkeregistrert på adressa di? Sjekk adressa di i Folkeregisteret her.
- Har du oppdatert den elektroniske kontaktinformasjonen din? Oppdater kontaktinformasjonen din her.
- Hugs å melde flytting dersom du byter adresse.
Hemmeleg telefonnummer
Dersom du har hemmeleg nummer og ønskjer varsling, må du registrere deg i tilleggsregisteret. Kryss av for hemmeleg nummer når du registrerer deg.