Serveringsløyve

Alle som vil drive ein serveringsstad skal ha serveringsløyve frå kommunen. Ein serveringsstad er ein stad der det vert servert mat og/eller drikke og lokalet er lagt til rette for å ete på staden. 

Når treng du serveringsløyve?

  • Du treng serveringsløyve om du skal starte ein serveringsstad der det skal serverast mat og/eller drikke. Skal du servere alkohol må du i tillegg ha skjenkeløyve
  • Har du overtatt ein eksisterande serveringsstad, kan du drive vidare på tidlegare eigar sitt løyve medan du ventar på at søknaden vert behandla. Dette gjeld i ein overgangsfase på tre månader og berre om bestemte vilkår er oppfylt. 

Korleis få serveringsløyve?

  • Dagleg leiar ved serveringsstaden må ha bestått etablerarprøva for å kunne søke om serveringsløyve. Løyve vert gitt til selskapet som eig staden. 
  • Serveringslova stiller krav om uklanderleg vandel.
  • Er det eit eigarskifte, må du søke om eige serveringsløyve seinast 30 dagar etter at du teikna avtale om overtaking. 

Slik søker du om serveringsløyve

Her kan du søke om serveringsløyve

Du vil bli bedt om å laste opp vedlegg, søknaden vil ikkje bli behandla før alle nødvendige vedlegg er mottatt.

Vedlegg til søknad

  • Firmaattest for alle firma som er involverte i drifta.
  • Skatteattest for søkar/eigar og andre med vesentlig tilknyting til drifta. Skjema RF-1244 fra Skattedirektoratet.
  • Teikning av serveringsstaden inne og ute.
  • Dokumentasjon av dagleg leiar si tilsetting ved serveringsstaden.
  • Stadfesting av godkjent etablerarprøve for dagleg leiar.
  • Kopi av melding til Mattilsynet.
  • Kopi av leigekontrakt.
  • Ved overtaking av verksemda, kopi av avtale mellom ny og gammal eigar.
  • Kopi av bruksløyve frå bygningsstyringsmaktene.

Kva kostar det?

Det er gratis å søke om serveringsløyve. 

Kor lang tid tar det?

Søknad om serveringsløyve skal behandlast innan 60 dagar. 

Opningstider for serveringsstader

Serveringsstader kan halde opent mellom kl. 06.00 og kl. 02.00 (matservering)

Opningstidene er bestemt gjennom Lokal forskrift

 

Søke løyve (ambulerande/enkelthøve) eller søke endringar i løyve


Lover og forskrifter