Fiskefond

Det vert ytt tilskot til fiskefremjande tiltak, m.a. setjefisk for utsetjing i ferskvatna i Luster frå tre fiskefond:

Fonda er oppretta i samband med utbygging av:

  1. Fortun/Grandfasta-vassdraget (føresegner pdf.) (PDF, 8 kB)
  2. Årøyvassdraget (føresegner pdf.) (PDF, 37 kB)
  3. Jostedalsvassdraget (føresegner pdf.) (PDF, 98 kB)


Søk i vanleg brev (ikkje eige søknadsskjema). Er det driftsplan for vatnet, legg den ved søknaden.

 

I lys av ulike søknadar som har kome det siste året har landbrukskontoret sett nokre retningslinjer for fiskefonda:

  • Søknadar til fiskefonda skal koma frå rettshavar, eller brukshavar.
  • Det vert gjeve tilskot til inntil 75 % av dokumenterte utlegg (utan eigeninnsats)
  • Luster kommune, eventuelt representert ved ein oppdragstakar, har rett til seinare å nytte grunnlagsdata i andre prosjekter. Luster kommune har rett til å publisere alle data på internett.
  • Alle nødvendige tillatingar frå offentlege styresmakter, grunneigarar og naboar må være i orden før tiltak vert sett i gong.
  • Luster kommune har moglegheit til å dispensere frå retningslinjene når særlege høve føreligg.