Motorferdsel

Motorferdsel i utmark er generelt forbode. Alle pliktar å sette seg inn i regelverket, og har ansvar for å gjere seg kjend med gjeldande reglar. Om ein er usikker på kva reglar som gjeld for området du skal ferdast i, ta kontakt med kommunen for å få vegleiing.


Dette kan du gjera utan å søka:

  • Du kan tinga leigekøyrar til å utføre dei fleste typar transportoppdrag med snøscooter utan å søkja. Leigekøyrarane har sjølvsagt visse retningsliner dei er forplikta til å følgje. Her er personane med leigekøyringsløyve tom. 01.05.2026
  • Ferdsel i jordbruks- og skogbrukssamanheng. Her er næring eit nøkkelord, ein må driva aktiv jord- og skogbruksnæring med minimum 5 daa jordbruksareal eller 25 daa produktivt skogareal. Om ein nyttar medhjelparar i jord- og skogbruk må det dreia seg om eit reelt arbeidsforhold som kan dokumenterast. Drift av utleigehytter, jakt, fangst, fiske og bærsanking vert ikkje rekna som jordbruks- eller skogbruksnæring.
  • Transport av jaktutbytte frå elg- og hjortejakt. Gjeld traktor, ATV og andre køyretøy. Gjeld ikkje for bruk av helikopter.
  • Snøscooter til transport av material, utstyr og arbeidsfolk med godkjend byggeløyve
  • Snøscooter til transport av ved frå eigen eigedom til fast bupel
  • Snøscooter til naudsynt drift av turistanlegg utan brøyta tilkomst
  • Helikopter med underhengjande last, utan å vere nær bakken eller landa
  • Motorbåt på Hafslovatnet med ein motor med lågare yting enn 10HK/7,5 kW. Innafor fuglefredingsområdet gjeld forskrift for Hafslovatnet fuglefredingsområde
     

Du kan søka om løyve til motorferdsel i utmark med desse vilkåra:

  • Av helsemessig årsak, husk helseattest
  • Frakt av material og utstyr til reparasjon av hytte/sel i utmark
  • Utmarksnæring som ikkje går under landbruk
  • Transport av ved i barmarkssesong
  • Gruppeturar for eldre eller rørslehemma etter gitte kriterie
     

Dette kan du ikkje få løyve til:

  • Heliskiing
  • Fornøyelseskøyring (dvs. bryllaup, festleg lag, for turens del)
  • Motorsport i utmark (krev reguleringsplan)
     

Motorferdsel på veg i utmark:
Veg som ligg i utmark, er ikkje alltid lovleg å køyre på. Det er heller ikkje alltid at ein veg som er mogleg å køyre på, er lovleg å køyre på. Det er avgjerande om vegen er godkjend som bilveg, og såleis lovleg å køyre på. Om vegen er godkjend som traktorveg, så er den å rekne som utmark. Om du er i tvil om ein veg er godkjend som bilveg, ta kontakt med kommunen. Ein ubrøytt veg som ligg i utmark, er å rekne for utmark, uavhengig av om vegen er godkjend for å køyre bil når det ikkje er snø.

Motorferdselslova er ikkje til hinder for politi, ambulanse, redningsteneste eller oppsyn.

Motorferdsel i verneområde:

Det er strenge restriksjonar for motorisert ferdsel i verneområda. Her treng du løyve både frå vernestyresmakta, og frå kommunen. Du kan sende den same søknaden til begge instansar.
 

Ulovleg motorferdsel i utmark:

Dersom du er vitne til, eller mistenkjer ulovleg motorferdsel i utmark så kan du kontakte Statens naturoppsyn (SNO), politiet eller kommunen.

Du finn meir informasjon og vanlege spørsmål kring motorferdsel i utmark på Miljødirektoratet si heimeside. 


Søknadsskjema for motorferdsel i utmark