Lån og tilskot
Kommunen har eit eige næringsfond, og kan gjennom det gje både lån og tilskot.
Lån vert gitt til fysiske investeringar: Bygg og utstyr. Låna kan gjevast med rente- og avdragsfri periode på inntil 3 år.
Tilskot vert gitt til utviklingstiltak slik som oppstarting, planlegging og prosjektering, undersøking, produktutvikling, marknadsundersøking og marknadsføring, samt opplæring /kompetanseoppbygging.
I dokumentet «Grunnlag for handsaming av næringssaker» (PDF, 594 kB) finn du meir detaljert informasjon om korleis kommunen sine tilbod til næringslivet er.
Her finn du søknadsskjema Næringsfond - søknad om lån eller tilskot
Innovasjon Norge
Bedriftene i Luster kan òg nytte Innovasjon Norge sitt verkemiddelapparat. Både tilskot og lån kan ytast til bedrifter i Luster frå Innovasjon Norge. Innovasjon Norge kan òg yte finansiering til tiltak med utgangspunkt i landbruksnæringa.
Luster kommune har òg fleire støttetiltak i høve landbruket.